Ralph Bass
Utsjånad
Ralph Bass | |||
Fødd | 1. mai 1911 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | The Bronx i New York City i USA | ||
Død | 5. mars 1997 (85 år) | ||
Dødsstad | New York City, U.S. | ||
Fødenamn | Ralph Basso jr. | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1941–1997 | ||
Sjanger | Jazz, R&B | ||
Plateselskap | Black and White Savoy King Chess MCA | ||
Verka som | Plateprodusent Talentspeidar | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
Ralph Bass (fødd 1. mai 1911 som Ralph Basso jr., daud 5. mars 1997) var ein USA-amerikansk rhythm-and-blues-produsent og talentspeidar for fleire sjølvstendige plateselskap. Han var ein pioner innan å byggje bru mellom afroamerikansk musikk og amerikansk popmusikk. Gjennom karrieren sin arbeidde han for Black & White Records, Savoy Records, King Records, Federal Records og Chess Records, og spelte inn musikk med somme av dei fremste afroamerikanske musikarane, som Etta James, Sam Cooke, James Brown, Earl Bostic, og grupper som Platters og The Dominoes. Bass vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1991 som ikkje-utøvar.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ralph Bass» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2017.
- ↑ Watrous, Peter (1991). «Hall of Fame Inducts Its 6th Crop of Legends». New York Times, January 17. [
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Ralph Bass,» Answers.com (www
.answers .com) - «Ralph Bass' Junior Jazz»[daud lenkje], The Classic Jazz Gitar www
.classicjazzgitar .com, Mike Kremer (webmaster) - «House Resolution 218: Ralph Bass Memorial,» and «Summary of HR 218», Illinois House of Representatives, 90th General Assembly (1997–1998)
- «Toller Cranston's 'The Ice Show'» Internet Broadway Database
- «Inside Beyonce’s Private World» (reference to Ralph Bass's granddaughter, Shauna Bass), OK!, December 5, 2008
- Ralph Bass på The Rock and Roll Hall of Fame